– Potet er ein av livets grunnpilarar og sau er det beste dyret! Møt Gyro Knutsdotter Homme.
Gyro jobbar som avdelingsleiar for Geitmyra Ringsaker og brenn for at folk og dyr skal leve gode liv. For at me må eta opp heile gultota og bruke brennesla i hagen. – For å leve gode liv, må naturen få leve også. Leve, spire, vekse og gro, slik det er meininga at dei skal.
Gyro kjem fra Valle i Setesdal, er utdanna dyrlege og har to ungar, to kattar og heile sju hønar og tre hanar. Ho sparar til hest, fortel ho. Ho er veldig glad i jord, ord, dyr og myr. Og yr. – Eg føretrekkjer yr framfor sol. Og eg elskar smør, serleg på surdeigsbrød. Og kombucha – ikkje på brød men i glaset. Med ingefærsmak. Heimelaga.
Potet, altså jordeplet, er ein av livets grunnpilarar og sau er det beste dyret, ivrar Gyro. – Best som i snill, søt, varm og heilt genial som mekanisme for å gjere om CO2 til middag. Altså. Fotosyntese. Utmark. Noreg. Fjell og skog. Biologisk mangfald, kulturlandskap. Langtidssteikt. Salta. Tørka. Kraft. Innmat. Og ull! Alltid ull. Innerst, ytterst, midt i mellom.
På Geitmyra jobbar Gyro som avdelingsleiar. Kva betyr det? – Eg passar på at alle som jobbar her, og alle ungane som kjem til oss kvar dag, skal ha det bra. Ha det gøy! At de skal lære – og kjenne at Oioi! OioiOI! Elles planlegg eg kurs, opne arrangement, undervisningsopplegg. Eg skriv søknader og inviterer folk inn og fotel om kva me jobbar med. Me lagar mat med ungane og sørger for at me lærer bort – og lærer av andre Geitmyra-avdelingar. Og så et eg mykje god mat! Mykje rotgrønsaker og sei. Og bygg. Heia byggryn!
Det gode liv
Gyro brenn for at folk og dyr skal leve gode liv. – For å leve gode liv, må naturen få leve også. Leve, spire, vekse og gro, slik det er meininga at dei skal. Viss naturen får puste – og me pustar nok i naturen – og kjenner etter, og tar vare på, så er eg overtydd om at livet kan vere nok slik det er. At det ikkje trengst så mykje ting, så mykje hast, så mykje press, så mange krav. At me må ete opp heile gulrota, og bruke brennesla i hagen. I skogen. At når me slaktar eit dyr, så gjer me det nært der dyret har levd, så det slepp timesvis i transport. Og me et opp alt. Kokar siste drope kraft ut av beinet. Då treng kvar av oss mindre. Og me kan dele meir. Det er fint. Seie noko fint til kvarandre, til dei du møter, kvar dag. Det hjelper også. Vere der. Vere med.
Elskar mat
Alle som jobbar på Geitmyra elskar mat. – Favorittmaten min er det måltidet som er her og no, seier Gyro. – Og serleg når ein er svolten, og når det luktar godt i huset, og når ein har vore kald på fingrane og vaska rødbeten ute og inne ventar den ein skal dele måltidet med, og tanken på å få ete mat, god mat, nok mat, mat som gjer at eg kan springe og tenkje og smile etterpå, at me har det, får det, kvar dag, dag etter dag, alt det. Men mitt absolutte favorittmåltid er nepespa. Kom innom, så skal eg fortelje deg kva det er. Men det er frå Valle, såpass kan eg seie, og du treng både sau, salt, (og lang tid), smør og jordeple for å få det til. Og nepe. Mmmmm. Nepe! (Altså kålrot). Det er forresten også jolematen. Så no tel eg ned dagane!
– Mitt beste kjøkentips er å øve seg på å lage god mat på det du finn. I kjøleskåpet. Eller i kjøkenhagen. Eller på benken hjå ein ven. Det å få til noko godt av litt her og der og smått og stort, det er løysinga på nesten alt. Du vert mett. Du kan dele. Folk vert glade. Du vert nøgd. Mestring. Ah! Og klok ressursbruk. Og kok kraft!
En hyllest til poteten
– Poteten er fantastisk! Som råvare er det en av de mest bærekraftige og solidariske vi kan spise, sier Gyro Knutsdotter Homme ved Geitmyra Ringsaker. Det er tid for å høste – og spise – potet.
Ungdom vil lage sunn møtemat. Kunsten å bytte ut wienerbrød med grønnsakssuppe.
– Er det egentlig viktig at råvarene er lokale? Er det viktig at pausematen er grønnsaksuppe og ikke croissanter eller wienerbrød? Er det et poeng at ungdom kan og vil lage mat? Skal barn og unge være en del av en folkehelsekonferanse? Selvsagt, sier Gyro Knutsdotter Homme, daglig leder ved Geitmyra Ringsaker.