Brennaktuell vårvekst - Stornesle
av Gyro Knutsdotter Homme
“Ein lærer av illrøynsle”, heiter det - og visst er det sant, at ein lærer mest av dei erfaringane, røynslene, som går ille, som ein stundom også får kjenne på kroppen.
Det er nok ikkje tilfeldig at så mange barn veit korleis akkurat brennesla ser ut, medan dei fleste andre grøne vekster i skog- og grøftekantar, skråningar og nederst i hagen, slett ikkje vert kjent att, korkje av utsjånad eller ved namn.
Brennesla er av dei fyrste grøne vekstene som kjem opp av jorda om våren som er nyttige for oss, og nesla er både brukande til sikkert hundre ulike matrettar, det er ei svært næringsrik plante, men ho har også så mange andre, nyttige eigenskapar. Les og lær!
Gjer godt for kroppen!
Brennesla inneheld A-, B- og C-vitamin og mineral som mellom anna jern, kalsium, kalium, silisium, mangan og fosfor, i tillegg til ei rekkje andre fysiologisk aktive stoff.
Grunnen til at det svir i huda når me kjem i kontakt med brennesla, er at planta har brennhår som inneheld mellom anna stoffa histamin, acetylcholin og serotonin, som gjev ein kraftig reaksjon i huda, akkurat som ein betennelse. Og faktisk verkar brennesleblad også mot den svien du får etter å ha brent deg - men då må du knuse blada godt fyrst, og så gni plantesafta på den plassen det svir. Plantesaft frå groblad funkar på akkurat same måten.
Visste du at…
Brennesla er særbu? Det vil seie at nokre planter er hankjønn, og andre er hokjønn. Hann-nesla lagar pollen, som sit i rakleliknande aks, medan ho-nesla har blomar som ser ut som små nøster.
Nesleduk
Å bruke det ein har, og bruke det vêl, var måten folk greidde seg på før i tida. Brennesle vaks over alt der det fanst folk - faktisk var det eit samspel, fordi nesla trivst best på næringsrik jord, til dømes på møkkhaugen utanfor fjøset.
Fyrst og fremst er planta næringsrik, og ho kjem opp av jorda med friske blad på ei tid av året der det var lite mat igjen frå året før, og slett ikkje noko friskt og struttande som dette! “Vårknipa” var lei for både folk og dyr, og då var kvar vesle smakfulle spire som kom opp av jorda der snøen smelta, svært etterlengta og verdfull.
Men det betyr ikkje at brennesla ikkje kunne brukast resten av sesongen! Har du høyrt om lin? Lin er ei plante som gjev oss linfrø som til dømes er supergodt i knekkebrød. Men sjølve linplanta, stengelen, gjev oss tekstilfiberen lin, som vert spunne til tråd og vevd til ulike plagg. Og brennesle kan brukast akkurat på same måten. Faktisk var brennesle Nordens viktigaste tekstilplante i tidlege tider, truleg den eldste planta det vart spunne garn av i Nord-Europa; og stoff vevd av nesletråd, såkalt nesleduk, vart rekna som både mjukare og finare enn lin. I tillegg til klede, vart nesletråd brukt til fiskegarn og -snøre, tauverk og papir. Gardane hadde mange stadar eigne nesle-åkrar, og då nordmenn tidleg i vikingtida segla ut frå norske kystar mot Island, hadde dei med seg planter og frø av nytteveksten.
Likar du fargen gul? Då kan du farge kvitt ullgarn med brennesle - både blad og rot kan brukast, og få ein sterk solgul farge, perfekt for å strikke ei vårlue å ha på toppen når du sankar nesler i april medan lufta enno er kald rundt øyrene.
Mat, sa du?
Det er dei unge, nye blada me brukar til mat. Litt seinare kjem frøa, som smakar nøtteaktig.
For at me ikkje skal brenne oss i munnen når me et nesle, må blada anten knusast, eller varmebehandlast. Finhakking i ei kjøkkenmaskin, til smoothie, jus, pesto eller puré, gjer at du kan ete brennesla rå.
Er du ein tøffing, kan du ta unge nesleblad og brette dei saman nokre gonger, for så å klemme og rulle dei mellom fingrane så du knuser dei små håra som gjer at du brenner deg. Etterpå kan du putte bladet i munnen og tygge i veg utan å brenne deg - men nb, ikkje avslør løyndomen med ei gong, så synest alle rundt at du er ein verkeleg tøff trollmann!
For å hindre at du brenner deg, er det elles koking som gjeld: Anten kan du forvelle blada, det vil seie at du gjev dei eit raskt oppkok i vatn, før du heller alt ut i ei sil, og lar dei renne av - så kan du tilsetje dei i ein omelett, pai eller lasagne. Eller du kan ha nesleblada oppi ei suppe eller ein gryterett og koke dei der, då vil du få med absolutt alle dei gode, næringsrike stoffa i planta, også dei som er vassløyselege, og hamnar i kokevatnet.
Tørking funkar også supert, då får du eit krydder til bruk i brød, som tilsetjing i gryter eller suppe, eller rett og slett som te.
Etter forvelling kan du avkjøle raskt i isvatn, sile av og presse ut mesteparten av vatnet, og så fryse i små pakker, som du kan ta opp og bruke resten av året.
Forvella og fryst nesle kan brukast på akkurat same måten som spinat.
Neslevatn - gjødsel for plantene
Utpå sommaren er blada store, trevlete og svært stikkete. Då er dei ikkje gode som mat for oss lenger (men tørka, til høy, er dei super vinterfôr for dyra våre, som sau, ku og hest). Men dei kan brukast som gjødsel til kjøkenhagen eller i drivhuset!
Akkurat som kroppen vår, treng planter grunnstoffa fosfor, kalsium, kalium, magnesium og svovel og nitrogen, som brennesla er rik på.
Framgangsmåte:
Legg heile planter i vatn, 1 kg nesler til 10 liter vatn, og la dei liggje der i to veker. Rør rundt ei gong i blant. Det luktar meir etterkvart, og det skal det gjere - for nedbrytingsprosessen som frigjer dei nyttige stoffa frå plantene til vatnet, gjev også frå seg gassar som me synest stikk litt i nasen.
Sil frå plantemateriale og væske - og bruk dette fortynna som gjødsel i hagen.
1 del neslevatn til 10 delar vatn er perfekt. Og planterestane legg du i komposten.
Matnyttig matte: Viss du då har ei hagekanne med plass til 10 liter, kor mykje neslevatn, og kor mykje vatn skal du då fylle på? Sjå svar nederst i artikkelen.
Brennesle-is
På null komma niks kan du lage ein forfriskande, vårgrøn slush!
Framgangsmåte:
Gå ein fin tur ute i våren, gjerne om kvelden når raudstrupe og svarttrast syng så fint. Plukk den øvste delen av nesleplanta (øvste 3-4 bladkransane), bruk saks og hanskar.
Lat neslene liggje i eddikvatn 10 minutt når du kjem heim, og skyll dei så godt i ei sil under rennande vatn.
Ha nesler og omlag 1 dl vatn i blenderen, og køyr til det er ei fin, jamn væske.
Bland inn omlag like mykje eplemost som du har grøn væske, bruk ein syrleg eplemost. Ha også i 1 matskei melis, evt honning.
Bland alt godt, og smak til. Meir søtt? Meir syre? Noko sitron?
Ha dette i eit lite beger i frysaren, eit stort jogurtbeger er mest praktisk, fordi det er enklare å røre i ei rund form. Rør godt kvar halvtime eller time, til det har vorte ein isete slush.
Server med ein liten gauksyreblom på toppen, i høge glas. Del med ein god ven!
Matnyttig matte - fasit: Me skulle ha 1 del neslevatn til 10 delar vatn. Viss du heller 0,8 liter neslevatn og 8 liter vatn oppi hagekanna di, er ho NESTEN full (det er 0,8 + 8 = 8,8 liter), og det går an å bere henne rundt i hagen utan å søle dei dyrebare dropane ut av tuten før du kjem til plantene dine.
0,8 liter er forresten det same som 8 desiliter, 80 centiliter, og 800 milliliter.
Kjelder
Norman, Edle Catharina og Railo, Sofie Grøntvedt. 2015. Norges spiselige planter og bær. J.M.Stenersens forlag AS, Oslo.
Svendgård, Trond. 2018. Plukk selv. Cappelen Damm, Oslo.
Slipher, Beate. 2006. Plukk ville matvekster. Boksenteret Erik Pettersen&Co. AS, Oslo.
Torkelsen, Anna-Elise; Edvardsen, Hanne; Bøe, Ulla-Britt; Kolstad, Nikolai. 2020. Grønne, ville nyttevekster i Norge. Norges sopp- og nyttevekstforbund. Oslo.
Urtekilden.no